EGEA goes to Kaliningrad

  • Blokker, smog og dårlege rekreasjonsområder.  

Russisk byråkrati viste seg å ta tid, så det var med nød, neppe og litt flaks vi fekk henta innvilga visum på ambassaden i Oslo før vi reiste vidare nedover i Europa på veg mot Kaliningrad. Vi flaug til Polen og derfrå venta ein tretimers busstur inn i Russland. Den bussturen viste seg å ta seks timar. Velkomen til Russland.

I Russland venta vår venn Vitaly, han hadde venta i tre timar. Skyldtunge fekk vi plass i ein bil og freste mot boligblokker med tekno på stereoen. Vitaly er gift med Elena og saman bur dei i ein fin, men litt liten leilighet. Derfor vart Amalie og Oda plassert hos Vitaly si bestemor, Nina. Ho kunne fire ord på tysk( ein, zwei, drei, Führer) og snakka ellers kun russisk. Nina var som bestemødre flest opptatt av sine faste såpeseriar, suppelaging og te.  Å vere sjuk hos ho var ikkje eit alternativ, difor vart ei hostende Amalie utsatt for ei intensiv honningbasert behandling som involverte både hekla dukar og minkpels, samt soving med høghalset ullgenser i eit godt oppvarmet soverom. Ingen lufting tillatt!

Kaliningrad var tysk fram til Russarane tok over etter krigen og heitte før Königsberg. Königsberg vart bomba sønder og saman og lite anna enn nokre fort står att. Sidan estetikk ikkje var Russarane sin prioritet då dei bygde byen opp, syntes me ikkje Kaliningrad var ein særleg vakker plass. “Det e som å være på Tiller” sa Jakob. Dei fleste køyrde bil fordi ein eigentleg aldri visste når bussen dukka opp. Lufta var elendig og tjukk der me gjekk langs køane som fylte byen. Det meste av bebyggelsen var blokker og mellom desse var det store, opne areal som i Noreg typisk ville fått ein grasklypp og eit klatrestativ. I Kaliningrad var desse områda fylt av buskas.

Vi fekk besøke eit av forta som stod att etter tyskarane, og fekk grundig innføring i byens forsvarsstrategier opp gjennom historien og fortets militære funksjon av den einaste engelsktalande guiden.

Det vart ei utflukt ut av Kaliningrad by, til havnebyen Svetlogorsk. Dette var, i motsetnad til Kaliningrad, ein vakker stad. Med lauvtre, eit omfattande og moderne museum, tysk arkitektur og koselege butikkar var det tydeleg at dette var ein turiststad for russarane.

Elena kunne lite engelsk, og brukte for det meste google translate som kommunikasjonshjelpemiddel. Me vart gode vener og ho fekk gjennom kontaktar fiksa gratis tour inne på eit forskningsskip til høglytte protestar frå dei andre som var guidar der. Ho brydde seg ikkje og tok oss med vidare til ein ubåt vi fekk klatre rundt i. Der møtte vi på Putin (bilde her). Me oppdaga og at the World Ocean Museum kaller andre verdskrig for “The great patriotic war”. Kjært barn har mange namn, der altså.

Kaliningrad er storeksportør av rav, og derfor var dette noko som prega souvenirboder dei fleste stader. Ravmuseet måtte besøkast der dei raraste ting hadde blitt laga av rav. Etter dette fekk me besøke ein typisk russisk studentby. Utanfor stod ein tanks til pynt og innanfor måtte me levere pass for å kome på besøk. Det å sjå korleis andre studentar bur er noko av det mest interessante med utvekslingar, i Kaliningrad var det visst ikkje uvanleg å bu to og to på rom saman. Her møtte me også ein latviar som faktisk snakka svært bra engelsk, noko som etter fleire dagar med enkle setningar og lite bøying av verb (“yesterday we go to shop”), føltes godt. Vi fekk besøke universitetet og halde ein presentasjon om kva EGEA Trondheim og GEOLF driver med.

Me reiste heimatt og var framleis usikre på kvar sentrum i byen var. Me lurte på om dette var eit døme på LA-modellen? Det var svært få benkar og rekreasjonsområder i byen og laushundar var det mange av. Konklusjonen då me reiste heimover var at ingen av oss kjem til å reise tilbake til Kaliningrad med det fyrste, men det var utruleg kult å ha vore der.

uten-navn6

Har du ikke alltid ønsket at dette var det første du så når du går ut av huset?

uten-navn5uten-navn4uten-navn7

Tyveri??

uten-navn3uten-navn2

Ren luft som på fjellet altså….

 

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google+-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s